Ein snartur til byen

Av Anne Holen Helseth
- "Jul i Romsdal 1998"

I dag tek det omlag 15 20 minutt å køyre ein snartur til byen frå Malmefjorden, om ein køyrer tunnelen og omlag 26 minutt om ein køyrer Skaret. Du brukar omlag 40 minutt om du syklar gjennom tunnelen, med lite biltrafikk. Men før i tida var det slett ikkje noko sjølvsagt å ta seg ein snartur til byen.

Å gå til byen for 150 år sidan, tok omlag 1 1/2 time i vanleg gangfart, det tok lenger tid om ein hadde med noko å bære.

Før vegen over Skaret kom, gjekk folket frå Fræna ofte over Gangskaret. Gangskaret ligg mellom Tussen og Røsholbotnen, ein går opp like ved Tussentunnelen. Når ein kjem opp over det lågaste skaret er det ei flate innover og så går det nedover mot der Nordbyen no ligg, men dei kunne også kome ned der skihytta ligg i dag. Turen over Gangskaret var ein fin tur om veret og sikta var bra, men å gå her i mørket og med frost i bakken, kunne vere ei dristig og farefull ferd.

Den 13. oktober 1923 datt ei 19 år gamal jente, Ingeborg Theoline Sandnes frå Myrbostad, ned frå fjellet der oppe. Det var skurnring då ho o,, mora Theoline Iversdotter kom heim frå byen om kvelden. Dei gjekk seg vill og kom over feil skar, der det var eit mosegrodd flog, som det kanskje var kome frost på om kvelden ho glei, fall utfor og slo seg i hel.

Ungane som kom til Malme skulen dagen etter, høyrde mora ropa om hjelp, det same gjorde folk oppe i folk oppe i Malmedalen. Både folk frå Malme og Malmedalen gjekk opp i fjellet og fekk henta jenta og mora ned.